Rommet var tydeleg fuktig og lukta mugg, på badet var det lause fliser på golvet. Når ein trakka på flisene bobla vatnet opp etter ein har dusja. Veit ikkje om andre rom har like dårleg standard, dette var i kjellaretasjen, einerom, og bør ikkje brukast. Har gitt beskjed til personalet. Dessverre også skuffa over frukosten. Spesielt dårlig kaffi, som ikkje smakte kaffi i det heile tatt. Vi gav beskjed to gonger til personalet, men ingen endring, heller ikkje neste morgon. Ser på tidlegare anmeldelsar at dette er blitt kommentert fleire gonger. Ellers greit med enkel frukost, men då viktig at det er godt det som er der, og at personalet passer på å fylle på når det er tomt. Dette blei ikkje gjort og vi måtte stadig spørje. Kokte egg skal heller ikkje vere kalde og grønne, noko eg ser også er blitt kommentert tidlegare. Positivt med ein fantastisk beliggenheit ved fjorden!