Flott leiligheitshotell, med 3 basseng og boblebad, berre nokre meter frå stranda. Det burde vore opplyst at ein må handla inn alt sjølv, såpe, oppvaskmiddel og vaskemiddel til oppvaskmaskin, også toalettpapir. Vi måtte kjøpa bøtte og vaskemiddel til å vaska golv sjølve. Det vart skifta dynetrekk, laken og handdukar ein gong pr veke. Vi vaska handdukane sjølve i vaskemaskin i leiligheiten. Ein bør ha leigebil om ein skal bu der, sidan det er 4 km til stort matsenter. Ca 1, 5 t frå Alicante med taxi, og det var dyrt. Vi kunne hatt leigebil i 14 dagar for det det kosta t/r Alicante + t/r butikken ein dag. Det er ein liten butikk ved hotellet, men ikkje stort utvalg.
Resepsjonistane var veldig hyggelege og snakka engelsk, men ellers var det spansk. Både reinhaldarar, bussjåførar, butikkpersonell ol. Nokre taxisjåførar snakka litt engelsk.